CANTIONALE

Nicolaus Decius

ca. 1485–etter 1546 (kjeldene, Munk, evangelisk predikant og sokneprest, kantor, salmediktar og komponist, Tyskland

Nicolaus Decius var ein tysk munk som slutta seg til reformasjonen og vart evangelisk predikant i Stettin og seinare i Königsberg. Han dikta i 1522-23 dei to salmane «Allein Gott in der Höh sei Ehr» og «O Lamm Gottes, unschuldig» - tyske gjendiktingar av messeledda Gloria og Agnus Dei - og laga truleg melodiane til begge. Begge salmane er framleis i bruk i Norsk salmebok i både bokmåls- og nynorskomsetjing.

Sange