Å du store kjærleiks
Å du store kjærleiks under:
Gud ein syndar elska kan!
Våre synder reiv isunder
Bandet mellom Gud og mann,
Me frå Gud fór alle vilt,
Derfor gjekk det alle ilt.
Då frå Gud, vårt liv, me rømde,
Alle vart til døden dømde.
Men Guds faderkjærleik grunnar
Ut for oss ein frelsesveg.
For så dyrt hans hjarta stundar
Til å få oss heim til seg.
Derfor må Guds Son for oss
Som ein syndar på sin kross
Smaka dødens stride stunder,
Å du store kjærleiks under!
Lov og takk, vår Gud, som ville -
Oss til sæla, liv og von -
Semja dei som syndi skilde,
Gud og mann, uti din Son!
Så han no vår broder er
Og vår synd til soning ber,
At me skal hans sæla smaka,
Broderarv med honom taka.
Takk, Gud Son, som ville sona
Det som dine brøder braut,
Lær meg på din kjærleik vona,
Som til døden aldri traut!
Fylgja deg på livsens veg
Og så sæl i tru på deg
Sovna inn i siste blunder,
Du, det store kjærleiks under!