CANTIONALE

Den største høgtid her på jord

Elias Blix

1

Den største høgtid her på jord
Er den eg held ved Herrens bord,
Der Jesus bed meg vera gjest,
For der eg er hans hjarta nest.

2

Når eg med Jesus nattverd held,
Eg minnast må den store kveld
Då han med sine vener sat
Og vigde inn den himmelmat.

3

Den kveld han brødet til dei braut,
Dei Herrens eigen lekam naut.
Då vinen han i kalken slo,
Gav han dei sjølv sitt dyre blod.

4

Det var den kveld han siste gong
Den store lovsong med dei song -
Den siste gong til over sky
Han halda skal sin nattverd ny.

5

Den kveld hans kjærleik mot oss brann
Så varmt som ingen elska kan,
Og oss til minnegåve god
Han gav sin lekam og sitt blod.

6

Så kom då, Kristi kyrkjelyd,
Og tak den gåva han deg byd!
Kom her og tak av Jesu hand
Det livsens brød i dødens land.

7

For her ved Herrens nådebord,
Her eig me himmerik på jord,
Her Jesus ved Guds høgre hand
Med oss går inn i broderband.

8

Guds himmel han til jordi dreg
Og gjer frå jordi himmelveg.
Hans kjærleik møtest med di tru,
Han er i deg, i honom du.

9

Så kjem eg til ditt altar her,
Endå eg sjølv uverdig er. Å
Jesus, gjer meg verdig du,
Så hit eg kjem med hjartans tru!

10

Her kjem eg som ein syndar arm,
Med syndesorg i såra barm,
Med trong og tru i hjarterot
Hjå deg eg søkjer sælebot.

11

Så signe du min altargang!
Lat meg få kvila i ditt fang,
Til eg får fylgja deg frå jord
Til nattverd ny i him- melkor.