Det er nok
1
Det er nok, det som Jesus gjorde,
Det er nok det som han har sagt.
:/: Han har sona di synd den store,
Og deg vunni så rein ei drakt. :/:
2
Det er nok, det som Jesus gjorde,
Om av syndarar størst du er.
:/: Du er beden til bryllupsbordet,
Også deg har din frelsar kjær. :/:
3
Nei, du treng ikkje lenger tvila,
For hans nåde er nok åt deg.
:/: På eit fullført verk får du kvila,
Og så ferdast med fryd din veg. :/:
4
Det er nok det som Jesus gjorde,
Det i døden og dommen gjeld.
:/: Me vil byggja på nådeordet,
Det er berggrunn som evig held. :/: