CANTIONALE

For Jesu milde augo Eg stilt kjem

Lars Jacob Stenbäck, Trygve Bjerkrheim overs.

1

For Jesu milde augo
Eg stilt kjem fram, så arm eg er.
Mi skuld, min fattigdom eg ber
For Jesu milde augo

2

For Jesu milde augo
Av synda tyngd eg trøtt fell ner,
Med lengting i mi naud er ser
I Jesu milde augo

3

For Jesu milde augo
Eg synda har mot Herrens bod.
Guds dom for det eg ventar no
For Jesu milde augo

4

I Jesu milde augo
Eg ser; forkastar han meg, så -
Idet eg søkk - eg enn lyt sjå
I Jesu milde augo.

5

I Jesu milde augo
Eg les med fryd mitt fridomsbrev.
Det lyser mot meg: sjå, og lev!
Frå Jesu milde augo.