CANTIONALE

Frelsar, til korsets død Elska du meg

Sylvanus Dryden Phelps, Trygve Bjerkrheim overs.

1

Frelsar, til korsets død Elska du meg.
Skulle eg ikkje då alt gjeva deg?
Fyll du mitt hjarta så At eg av kjærleik må
Jublande ofra få Noko for deg!

2

Ved nådetrona no Ber du for meg.
Mi veike tru ser opp, Jesus, til deg.
Hjelp at eg korset ber, I liv og tonar her
Eit lite vitne er - Noko for deg!

3

Å må eg likna deg! Eg lengtar så.
Må kvar ein dag som døyr Heretter sjå
At noko frukt du fann, at eg med kjærleg hand
Noko for himlen vann - Noko for deg!

4

Alt det eg er og har, Gav du meg fritt.
Må det i fryd og sorg No vera ditt!
Og når eg deg får sjå, Kor skal eg jubla då,
Og evig vera få Saman med deg!