Gamleåret seig i hav
Gamleåret seig i hav,
Siste dag i døden bleikna;
Men i aust det atter kveikna,
Nyfødd sol stod opp or grav.
Ljoset fram or mørkret stiger
Som på fyrste skapingsdag.
Sol og dag er fødd til siger,
Mørkret dømt til nederlag.
Men kvart år som sloknar ut,
Atter meg til minnes kallar
At min dag til kvelden hallar
Og det kjem ei natt til slutt,
Då den sol som lyser verdi,
For mitt auga svartnar av:
Går i mørker siste ferdi?
Eller er det ljos i grav?
Ja! om nyårsdagen rann
Over jord ein morgonrøde
Som igjennom liv og døde
Utan skyming lysa kan:
Jesu namn eit nyår vigde
Som vert aldri gam alt att;
Det har Ijos forutan brigde,
Det har dag forutan natt.
Vert så vegen mørk og trong,
Jesu namn kan himlen klåra,
Såre sukk og heite tåra
Løysa opp i sigersong.
Skal eg under krossen bløda,
Vert min fot til døden trøytt,
Jesu namn kvart sår kan grøda,
Var så hjarta sunderstøytt.
Vil du dette dyre namn
Trugen i ditt hjarta skriva,
Skal du aldri undan driva,
Det skal leia trygt din stamn.
Or di lei du aldri villest,
Går imot deg storm og hav,
I det namnet stormen stillest,
Frelst du vert frå djup og kav.