CANTIONALE

Jesus deg møter alvorleg

Anders Hovden

1

Jesus deg møter alvorleg og kjærleg,
Tek deg til sides frå folket med seg,
Ser deg i augo og spør deg så ærleg:
«Kjenner du Frelsaren? Elskar du meg?
Dyrt har eg kjøpt deg med kors og med pine,
Hjarta mitt brast utav kjærleik til deg,
Sjå, du er teikna i hendene mine -
Kjenner du Frelsaren?
Elskar du meg?»

2

Kva skal eg svara, og kva skal eg seia -
Eg er så lunka i hjarta og sinn!
Jesus, eg kan berre gråta og teia,
Fyll du mitt hjarta med kjærleiken din!
Lat meg med Peter få svara sannferdig,
Endå om kulden i hjarta meg skjer:
«Herre, min Jesus, eg er deg 'kje verdig,
Likevel veit du eg har deg så kjær.»