CANTIONALE

Lev for Jesus

Lina Sandell, Anders Hovden overs.

1

Lev for Jesus! Inkje anna
Er då verdt å kallast liv I
Til den venen framfor andre
Hjartans fyrste kjærleik giv':/:

2

Lev for Jesus! Verdsens eiga:
Æra, rikdom, makt og glans:/:
Aldri gjeva kan ditt hjarta
Slik ein varig fred som hans.:/:

3

Lev for Jesus! Sanka sjeler
Til hans kristne venelag!:/:
Kort er tida, yrketida,
Snart er endt din arbeidsdag.:/:

4

Tusen, tusen arme sjeler
Sukkar tungt i synd og strid,:/:
Lat dei få eit ord om Jesus
Medan enno det er tid!:/:

5

Seg dei det du sjølv har vunne,
Vitne om kva sjølv du såg::/:
Om hans kjærleik utan like,
Då du ved hans hjarta låg!:/:

6

Lev for Jesus! Gjev til honom
Livsens fagre ungdoms- vår.:/:
Gjev han ég din manndoms styrke,
Gjev han alderdomens år!:/:

7

Gjev deg heilt! Om det han bed deg,
Sjølv han gav seg heilt til deg:/:
Då han fattig og forakta
Gjekk her nede krossens veg.:/:

8

Gjev deg heilt, og vit at ingen,
Ingen det har trega på!:/:
Lev for Jesus til du salig
Inn til kvila hans får gå!:/: