Nåde, nåde utan ende
1
Nåde, nåde utan ende,
Å, kor er Guds nåde stor!
Verdi seg frå honom vende,
Gløymde bort hans gode ord.
Men vår Gud oss ikkje gløymde,
Han oss i sitt hjarta gjøymde.
Alt frå me i syndi fall,
Gjekk på jodi ut hans kall.
2
Alt frå morgonstund han kallar,
Lokkar medan dagen lid.
Og når dag til kvelden hallar
Og ved seine nattetid,
Kallande han handi retter
Ut til alle folk og ætter.
Til kvart land og til kvart lyd
Går hans røyst og inn dei byd.
3
Men når dagen ut er runnen,
Han til løn oss kallar inn.
Den som då vert fulltru funnen,
Liv til løn av nåde vinn.
Herre, vekk då hug ig øyra,
Så ditt kall me gjerne høyra!
Alle til din vingard drag
Medan det enno er dag!