CANTIONALE

Når brødre og søstre til saman kan

Anders Gil

1

Når brødre og søstre til saman kan bu
Med bøn og med Bibel, i von og i tru,
Då strøymer velsig- ning frå himmelen ned
Frå Gud og vår Frelsar med liv og med fred.
Då strøymer velsigning frå himmelen ned.

2

Når kjærleiken råder, og alle er små,
Og opp til kvar- andre dei audmjukt kan sjå,
Når alle vil tena, og ingen er stor,
Då er dette samfunn ein himmel på jord.
Då er dette samfunn ein himmel på jord.

3

Ei sjel og eit hjarta, ei von og ei tru,
Med tenande kjærleik vi saman må bu.
Då livet får vokster mot Herren å nå
Til frelst vi for himmelens kongsstol skal stå.
Vi frelste for himmelens kongsstol skal stå.