Sørg for meg
Ludämilia Elisabeth, Elias Blix overs.
Sørg for meg, min Fader kjær!
Eg vil ikkje sørgja,
Ikkje ganga sutfull her,
Om mi framtid spørja!
Sørg du for meg all mi tid,
Sørg for meg og mine,
Gud, allmektig, god og blid,
Sørg for alle dine!
Sørg for sjel og lekam her,
Medan eg skal leva!
I di hand som allting ber,
Vil eg trygt dei gjeva.
Sørg, min Gud og Fader kjær,
Mest for mine tankar,
At dei aldri kvar eg fer,
Vilt ifrå deg vankar!
Sørg at eg på dine ord
Trutt må vare taka,
Av min dåp og Jesu bord
Støtt må krafti smaka!
Sørg for dei som styrer land,
Dei som Ordet lærer,
Dei som kvar uti sitt stand
Her og der seg nærer!
Sørg for meg når opp eg står
Og til arbeid stundar,
Og når eg til kvile går
Og mitt auga blundar!
Sørg så for mitt kall og stand,
Hand og munn og ande,
For den gjerning som eg kan,
Sørg i von og vande!
Sørg for hus og heim og bu,
Og for namn og æra!
Sørg at eg i tol og tru
Krossen her må bera!
Sørg for kvart eit steg eg her
Enn på jord skal treda!
Sørg at så med fred eg fer
Til di himmelgleda!