CANTIONALE

Store, store Gud

Tor Ullsvik

1

Store, store Gud! Kven kan deg forstå?
Undrelig er vegen som du fører dine på.
Men om vegen titt vert trong,
Eg fram til målet ser,
Den fagre, fagre himmelheim,
Tenk snart så er eg der!

2

Store, store Gud Som oss livet gav,
Sjå det liknar liten blom som snart lyt falla av.
Så det visna må og døy, Det livsens lagnad er.
Men bakom dødens skuggeland Eg himmelheimen ser.

3

Store, store Gud, Takk for denne von,
Takk for all din kjærleik og for frelsa ved din
Son! Du meg fann i ungdoms år,
Du kalla meg ved namn,
Du vil og sikkert føra meg
Til himlens lyse hamn.

4

Jesus løys meg meir
Frå kvart band som bind!
Vert min livsstrid tung, så la meg sjå i himlen inn!
Og la vona verta sterk
Så gjennom tåreglans
Eg skoda kan min himmeheim,
Mi krona og min krans!

5

Svikefulle verd! Du bind mange fast,
Mang ein gjekk her vonfull, glad, men vonene dei brast,
Takk då, takk, min fresar kjær!
Eg no til deg er fest
Med blodets sterke band, og då
Mi livsvon aldri brest