CANTIONALE

Takk at du tok mine byrder

Trygve Bjerkrheim

1

Takk at du tok mine byrder,
Eit høgfjell av skuld og av skam.
Du bar det på skuldrene dine,
Du skuldlause sonofferlam.

2

Takk at du bar mine synder,
Betalte mi skyhøge skuld
Med blod frå ditt fullkomne hjarta
Og ikkje med sylv eller gull.

3

So vil ved korset eg standa,
Med undring eg ser: Eg er fri!
Eg skal ikkje døy, eg skal leva
Med Jesus til æveleg tid!