Ver eit solskin
1
Ver eit solskin, unge kristen,
Ver eit solskin på din veg!
Då skal alltid himlens englar
På dl livs - ferd fylgja deg.
Lat då Kristus, livsenslyset,
Vera soli i ditt liv,
Og det lys du får frå honom,
Stilt og audmjukt frå deg giv!
2
Ver eit solskin fyrst i heimen
Der du med dei kjære bur!
Alt du der i kjærleik ofrar,
Gagnar meir enn sjølv du trur,
Kveik det vesle barnehjarta,
Kjærleik sårt den veike treng,
Og strø solskin over vegen
Der små barneføter gjeng!
3
Vil du då eit solskin vera,
Unge kristen, kvar ein dag,
Skygg då ikkje med din skugge
For di n Frelsars andletsdrag!
Nei, lat honom vera soli,
Ver ein stråle berre du,
Då får han åleine æra,
I ditt kall du då er tru.