CANTIONALE

Å Betlehem, du vesle by

Phillips Brooks, Trygve Bjerkrheim Übers.

1

Å Betlehem, du vesle by,
Vi ser deg kvila der.
Og over deg så stille dreg
Dei stjerners store hær.
Men i dei mørke gater
Eit ævelys skin ned,
Til deg no går dei tusen år
Sin lengsel etter fred.

2

For denne natt ein frelsar stor
Vart fødd, og englar kvad.
Mens verda sov, dei song
Guds lov, Og himmelen var glad.
Å, morgonstjerner alle,
Forkynn at han er fødd!
Du stjerne-kor, pris kongen stor!
Og fred på jorda mødd!

3

Kor stilt, kor stilt vår
Herre gav Den julegåva god!
Slik himmelen gjev jorda enn
Si rike signings-Ilod.
Vi mer- kar ei hans kome,
Men til kvar open sjel Stig
Jesus inn med nåden sin
Og gjer ein syndar sæl.

4

Å kongebarn frå Betlehem,
Inn i vårt hjarta drag!
Vi audmjukt bed: Stig til oss ned,
Vert fødd i oss i dag!
Vi høyrer englesongen
Det glade bod fortel.
Å, kom til oss, å, ver hos oss,
Guds Son Immanuel!