Ber no bod til heidningland
Ber no bod til heidningland,
Bod om ljos og lukka,
Til dei arme som i band
Og i mørker sukka!
Bod som sprengjer fangebur.
Som kan løysa lekkja,
Bryta gjennom mørkers mur
Og dei døde vekkja!
Mørkret enn er stort på jord,
Skodda ligg så diger. Herre
Gud. send ut ditt Ord Og gjev
Ijoset siger! Så ditt dyre sædekorn
På dei vide vangar! Skap eit folk av
Ijosens bom Utav dødens fangar!
Vig du deg ein vitnehær!
Salva med din Ande
Sende- menn. som Ordet ber
Rundt i heidninglande!
Er enn vegen mørk og trong.
Du kan mørkret klåra,
Gjeva haust med gledesong.
Der me sår med tåra!
Herre. hausten alt er stor:
Sjå kor marker kvitnar!
Trugne røyster rundt på jord
Om di frelsa vitnar.
Gode hyrding. til di hegn
Heidningfolk seg hopar.
Turre land om dogg og regn
Opp til himlen ropar.
Jesus, gjev oss nåde til
Ut ditt bod å bera!
Signa dei du senda vil,
Trutt ditt verk å gjera!
Fylg du med di sendeferd,
Styrk dei der dei strida,
Alltid trugne i di gjerd
Med ditt sverd ved sida!