Dei som med tårer sår
Nils Johannes Holm, Anders Hovden Übers.
1
Dei som med tårer sår
Og gjennom trengsla går
Og til sin Frelsar trår,
Dei hausta skal med fydesong
Når alt til slutt vert nytt emgong.
Amen, halleluja! Halleluja!
Amen, halleluja!
2
Den dag alt trua ser
I dette hus av leir,
Når døden er 'kje meir.
Det rop alt trua høyrer her:
Den siste fiend fallen er.
Amen, halleluja! Halleluja!
Amen, halleluja!
3
Dei Jesus skoda skal
Høgt i hans himmelhall.
Det store frelste tal
Lovsyngja skal til evig tid Guds
La m som vann den store strid.
Amen, halleluja! Halleluja!
Amen, halleluja!
4
Gjev, Frelsar, at me då
I striden her må stå,
Med lengsla mot deg sjå,
Så hjarta støtt til deg er vendt
Som kjærleg har vår k vida endt,
Som døydde og oppstod Og opna oss
Guds rike med ditt blod!