Den fyrste song eg høyra fekk
1
Den fyrste song eg høyra fekk,
Var mor sin song ved vogga.
Dei mjuke ord til hjarta gjekk,
Dei kunne gråten stogga.
2
Dei sulla meg så underleg,
Så stilt og mjukt te sova,
Dei synte meg ein fager veg
Opp frå vår vesle stova.
3
Den vegen ser eg enno tidt
Når eg fær auga kvila,
Der stend ein engel, smiler blidt
Som berre ei kan smila.
4
Og når eg sliten trøytnar av
I strid mot alt som veilar,
Eg høyrer stilt frå mor si grav
Den song som allting heilar.