Di rettferd er min bunad
1
Di rettferd er min bunad,
Mitt ljose sjelelin,
Min hovudkrans, mi kruna, min skatt,
Mitt perleskrin.
Du gav meg alt av nåde
Til vern mot dommens våde,
Du dyre Frelsar min.
2
Eg går i arbeidsklede
Og høyrer til dei små,
Men tenkjer tidt med glede:
Der vert ombyte på;
Når snart mi livssol glader,
Eg for min Gud og Fader
Skal som ein engel stå.
3
Å, du som hardt deg mødde
I våre tronge kår
Og stridde, leid og blødde
Og sona syndi vår, Du til
Guds barn meg kalla,
Hjelp at eg ei må falla
Ifrå mitt barnekår!
4
Din augnestein eg vere,
Til eg er slokna sæl!
Din ljose engel bere
Til paradis mi sjel!
Då kverv dei siste skuggar,
Du inn til ro meg ruggar,
Ja, då er allting vel.