Eg lyfter augo mine Opp
1
Eg lyfter augo mine
Opp til dei høge fjell:
Frå kven skal hjelpa koma,
Den hand som fast meg held?
Mi hjelp ho kjem frå Herren,
Som skapte denne jord
Med hav og høge tindar
Og stjernerømda stor.
2
Han styrkjer stega mine,
Og fast på fot eg gjeng.
På ørneveng han ber meg,
Og gjev meg alt eg treng.
Sitt folk så vel han vaktar.
Han ikkje blunda kan.
Han fylgjer meg som skuggen
Tett ved mi høgre hand.
3
Meg skal 'kje sola brenna
I middas-heten hard.
Om natta vert eg verna
Som barnet vert av far.
Min utgang og min inngang
Han vara vil så vel
Frå no og i all æva,
Og difor er eg sæl.