CANTIONALE

Eg ser deg

Johannes Andreas Barstad

1

Eg ser deg, Gud, i kvar ein blom som tirer
I fagre fargar mellom stein og strå,
Som alle opp mot sol og himmel stirer
Med bjarte smil som barneaugo små.

2

Eg ser deg, Gud, i kvar den bekk som skummar
I kvite fossar mellom knaus og koll
Og kler i brudeskaut den unge sumar
Og syng sitt liv utover vang og voll.

3

Eg ser deg, Gud, i kvar den tind som syner
Eit bilet av din stordom og din glans,
Når soli honom med sin gullkrans kryner
Og snøen bind av sylv sin gritrekrans.

4

Eg ser deg, Gud, i alt det liv som yrer
Kring jordi all og høgt i stjernesveim.
Eg ser kor skipar alt og styrer
Som kjærleg fader i ein barneheim.

5

Eg ser deg, Gud, og i mitt auga skjelver
Ei gledetåre, for du har oss kjær,
Og over oss så fager himmel kvelver
Og gav til heim oss slik ei fager verd.