Eg veit ein hage full av fred
1
Eg veit ein hage full av fred,
Til porten titt eg vankar,
Han lokkar, helst når sol går ned,
I leng- ting hjarta bankar.
Min beste ven der inne går,
Men eg ved porten enno står.
2
Eg veit ei kjelde frisk og klår,
Kvar kvelden kan eg høyra
Ho surlar djupt - når stilla rår -
Så herleg for mitt øyra.
Og eg som kunne vatnet nå,
Kvi tyrstar eg ved kjelda då?
3
Eg veit ein gamal veg å gå
Når morgon atter randar.
Den vegen ber mot høgder blå,
Der lett og fritt eg andar.
Frå kraft til kraft den vegen ber,
Men sjeldan, sjeldan går eg der.
4
Kvar morgon, dyre Frelsar min,
Og når eg ser det kvelda,
Å, lei meg i din hage inn
Og tørsten sløkk i kjelda!
Du veit om alt som i meg er,
Du veit åg at eg har deg kjær.