CANTIONALE

Gjer døri høg

Georg Weissel, Elias Blix Übers., Nils Johannes Holm Übers., Magnus Brostrup Landstad Übers.

1

Gjer døri høg, gjer porten vid!
Sjå Kristus, kongen til deg rid!
Han råder over alle land,
Og er all heimsens
Frelsarmann.

2

Rettferdig kjem han til deg ned
Og byd deg sæle, liv og fred.
Stillferdig kjem han, utan krav,
Og miskunn er hans kongestav.

3

Han ropar ut eit nådens år.
Vår naud ved han ein ende får.
Og difor røyster utan tal
Med lovsong honom møta skal.

4

Å, sælt det land, det hus, den gard
Som denne drott til herre har!
Ja, sælt det hjarta og det sinn
Der denne kongen no dreg inn! 5.
Han er den sanne gledesol
Som lyser frå Guds nåde- stol.
Ved dette Ijoset bjart og klårt
Det dagast må i hjarta vårt.

5

Gjer døri høg, riv stengsla ned
Og inn til deg din konge bed!
Då kjem han til deg mild og sterk
Og fremjar i deg alt Guds verk.

6

Mi hjartedør eg opnar deg! Å
Jesus, stig du inn til meg!
Og lat meg her den nåde få
At eg din milde hug kan sjå.

7

Ja, ved din Ande slik meg før,
Eg dagleg opnar deg mi dør,
Så du kan alltid bu i meg,
Og eg kan evig lova deg!