CANTIONALE

Gjer Kristus kjend for verdens milionar

Trygve Bjerkrheim

1

Gjer Kristus kjend for verdens milionar!
Dei må få høyra livsens dyre ord.
For emast han legg solskin over vegen.
Og emast han gjev vårliv på vår jord.

2

Gjer Kristus kjend for verdens millionar!
Send Ordet ut med lydlaus strålehær!
So snøgt det går del mange tusen miler,
Med lækjedom til all den vide verd.

3

Gjer Kristus kjend for verdens millionar!
Med lysets hast send ut det sæle bod!
Det vegen finn til millionar heimar,
I alle land, med bodskap glad og god.

4

Gjer Kristus kjend for verdens millionar!
For han er Herre. Han er allhærs drott.
So kjem han att når emgong gledebodet
Til alle land og folkeslag har nått.