CANTIONALE

Hjelp meg, Herre Krist

Anders Hovden Übers.

1

Hjelp meg, Herre Krist, å strida
I di kraft den gode strid,
Fylg meg alltid ved mi sida,
Fylg meg all mi levetid!
Svimrande ved syndedjupi
Viljeveik eg falla kan,
Herre, lei meg langs med stupi
Med si sterke frelsarhand!

2

Å kor sælt om eg kan svara
Når til siste kveld det lid
Og or verdi eg skal fara:
"Eg har stridt den gode strid,
Trui har eg halde herdig,
Vel fullenda livsens ferd,
Rettferdskransen no ligg ferdig
For meg iei betre verd!