CANTIONALE

Lei, milde ljos

John Henry Newman, Peter Hansson Hognestad Übers.

1

Lei, milde ljos, igjennom skoddeeim,
Lei du meg fram!
Eg går i mørke natt langt frå min heim,
Lei du meg fram!
Før du min fot, eg treng ei sjå min veg
Så langt og vidt - eit steg er nok åt meg!

2

Du veit det vel, eg bad ei alltid så:
Lei du meg fram!
Eg ville velja sjølv min veg, men no
Lei du meg fram!
Eg ville leva fritt, var stolt og strid
Og stor i mod - å, gløym den dårskaps tid!

3

Di makt har signa meg, då veit eg visst Du leier enn
I myr og fjell og hei, og så til sist Ein morgon renn,
Då til meg smiler engleåsyn blid,
Som eg har elska før, men mist ei tid.