Ljos over grav
Ljos over grav som oss livsvoni gav,
Rann med Guds Son ifrå daude.
Solrenning klår som den venaste vår
Steig over gravstader aude.
Ljoset og livet for alle mann
Strålande opp med vår
Frelsar rann.
Engelen kvad over daudstille. stad:
Krist er med siger oppstaden!
Sigrande vel over ormen frå hel
Bøtte han bro- tet og skaden.
Syndi er sona og såret grødt,
Livet av daude er atter født.
Kristus stod opp som det livstre i knopp
Som i all æve skal bløma.
Skapande liv han alt drepande driv,
Dauden for honom må røma.
Så ved det livstre til Herrens pris
Ein gong me livnar i paradis.
Menneskeson, du til levande von
Ved di oppreising oss fødde!
Liv gjennom grav ved din daude du gav,
Då for oss alle du blødde.
Dei som vil levande på deg tru,
Døyande skal i ditt ljos få bu.
Trøyst i vår trong som ein sumar med song
Ut frå din gravstad lat lysa!
Ævelivs von gjennom trengsle og tjon
Lat dine truande hysa!
Så me alt her uti daudens land
Smakar den sæla du til oss vann.
Ljos over grav, fall som solskin på hav,
Når me frå verdi skal fara!
Lys oss i land til den livsæle strand,
Fram til det liv som skal vara,
Så me ved Ijoset frå påskedag
Sæle kan leva i englelag!