CANTIONALE

Sjå, morgonsola fagert glimar

Trygve Bjerkrheim

1

Sjå, morgonsola fagert glimar,
Stå opp, i heilagt skrud deg kled!
I livsens lyse morgontimar, min unge ven, i
Gud deg gled!

Refrain

Morgonen gryr,
Skuggane flyr,
Fuglane kved.:/:
Ungdom, vert med!:/:

2

Så mange unge mørkret valde,
Guds fagre morgon fekk ei sjå.
Og deira soga titt fortalde
At utan Gud vert dagen grå.

3

Stå opp når morgonsola gyller,
Så skal det varme strålevell
Som heile ungdomshugen fyller,
Deg signa alt til livsens kveld!

4

I striden mellom lys og mørke
Treng Herrens mange morgonmenn.
Han sjølv vil gje deg mot og styrke.
Stå opp, Guds fagre morgon renn!