CANTIONALE

Vår Gud han er så fast ei

Martin Luther, Elias Blix Übers.

1

Vår Gud han er så fast ei borg,
Han er vår skjold og verja.
Han hjelper oss or naud og sorg,
Som han så hardt oss herja.
Vår gamle fiend' gram
Med velde no fer fram.
Med makt og mangfeld list
Han strir imot oss visst,
På jord er ei hans like

2

Med eiga makt vi inkje vann,
Det fekk ein usæl ende.
Men med oss går den rette mann,
Som Herren sjølv oss sende.
Hans namn det veit du visst:
Han heiter Jesus Krist,
Den hovding for Guds hær, Som eine
Frelsar er, Han slaget visst må vinna.

3

Om verda full av djevlar var
Som ville reint oss glupa,
Vi liten otte i oss bar,
Dei skulle alle stupa.
Og fyrsten for den hær,
Kor arg han òg seg gjer,
Så har han mist si makt,
For domen alt er sagt.
Eit ord kan honom fella.

4

Guds ord, det får ein fint la stå,
Og takken lyt dei sakna. Når
Anden sjølv vil med oss gå,
Skal alle åtak rakna.
Ja, tek dei enn vårt liv, gods, ære born og viv,
Lat fara alt, lat gå!
Det vinn dei inkje på.
Guds rike vårt skal vera!