Å var det så vel
1
Å var det så vel
At eg kunne trøysta ei einaste sjel
Og turka ei tåre av folnande kinn
Og lækja eit sår og eit blødande sinn
Og lauga i soli så varm og så rein:/:
Ein emaste ein! I:
2
Å, var det så vel
At eg kunne løysa ein emaste træl
Og riva i sunder eit nagande band
Og retta ein arming ei hjelpande hand.
Å, kunne eg fria frå støyt og frå stein:/:
Ein emaste ein!:/:
3
Å, var det så vel At eg kunne verja ei emaste sjel
Av all denne ungdom som leikar og kved
Og hugheilt i livet som tuglen seg gled.
Å, kunne eg berga frå fall og frå mein:/:
Ein emaste ein!:/:
4
Om alltid eg var Rett viljug å fylgja i
Frelsarens far, Fekk
Kristus meg leia frå morgon til kveld,
Og brann i mitt hjarta hans heilage eld,
Då fekk eg for visst føra mange i hamn:/:
I Frelsarens namn!:/: