Her kjem me
Hans Adolph Brorson, Elias Blix trad.
Her kjem me, Jesus, dine små,
Og vil til deg i stallen gå.
Send oss ditt Ijos i hjarta inn,
Så vegen fram til deg me finn!
Med lovsong spring me deg imot
Og kysser støvet for din fot.
Å signa stund, å sæle natt,
Då du vart fødd, vår sjele-skatt
Velkomen frå din himmelsal
Til denne dimme tåredal,
Der dei deg inkje anna gav
Enn stall og krubbe, kross og grav!
Men, Jesus, å kor går det til
At mange ikkje kjenna vil
Den kjærleik himmelhøg og stor
Som drog deg til vår arme jord?
Så drag oss til ditt hjarta nær,
Vår sjeleven så god og kjær,
At kvar av oss så inderleg
I hjartans tru må fagna deg!
Lat ikkje verdi med si makt
Oss draga frå vår dåp og pakt;
Men gjev, vår lyst og lengting må
Til deg, til deg åleine stå!
Så skal me syngja sigersong
Med alle heilage ein gong
Og i ditt sæle paradis
Få prisa deg på englevis.
Her står me no i flokk og rad
Kring deg, vårt fagre hjarteblad.
Å, hjelp at me og alle må
I himlen kring din kongsstol stå!