Ho står, den kvite symra
1
Ho står, den kvite symra,
Den fyrste blom i år,:/:
Der like inn på snøen
I sine tronge kår.:/: 2.
Ho står i kvite klede
Så fager som ei brud.:/:
Sjå henne vel i auga, Då har du skoda Gud.:/:
2
Eit bod frå himmerike,
Ein fattig liten svein:/:
Som helsar fra Gud Fader:
Du er min perlestein.:/:
3
Min Gud. du ser mitt hjarta
Og all min vesaldom -:/:
Kled sjeli i din nåde
Så kvit som denne blom!:/: