CANTIONALE

Kjære Jesus, dine hender La du venleg

Frans Mikael Franzén, Bernt Støylen trad.

1

Kjære Jesus, dine hender
La du venleg på dei små,
Og du sa til dine venner
At til deg skal borna gå.
Sjølv du vart til Herrens tempel
Emgong boren av di mor.
Lat meg minnast ditt eksempel
Når eg høyrer dine ord.

2

Du til dåpen lét meg kalla
Då eg var ein liten knopp.
Skal eg visna, skal eg falla?
Hjelp meg du å veksa opp!
Hjelp meg tidleg rett å læra
Og å elska dine ord,
Så blant dine eg kan vera
Når dei samlast ved ditt bord!

3

Når eg så skal ut i verda,
Aldri eg åleine er.
Møter freistingar på ferda,
Følgjer du meg kvar eg fer.
Trygt skal dine hender bera
Meg og sysken, far og mor.
Lat oss evig saman vera,
Vi som var det her på jord!