Lov og takk og evig ære Vere
Thomas Kingo, Matias Skard trad.
1
Lov og takk og evig ære
Vere deg, Guds Son, vår bror.
Du som tenar ville vere,
Fødd til ringe kår på jord!
Kjære Jesus, lær meg du
Rett med kjærleik, von og tru
I ditt fotefar å trede,
Så din veg vert all mi glede.
2
Skal enn kross og naud meg valde
Sukk og gråt i verda her,
Lær meg fast ved deg å halde,
Meir og meir å få deg kjær,
Så til siste stund eg finn
Ved ditt liv og døden din
All mi lindring, von og visse!
Å, lat meg deg aldri misse!