CANTIONALE

Å, eg veit meg eit land Langt

Elias Blix

1

Å, eg veit meg eit land
Langt der oppe mot nord
Med ei lysande strand
Mellom høgfjell og fjord
Der eg gjerne er gjest,
Der mitt hjarta er fest
Med dei finaste, finaste band::/:
Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette land!:/:

2

Der eit fjell stig mot sky
Med si krona av snø,
Og i lauvklednad ny
Det seg speglar i sjø.
Og det smiler mot strand
Med si bringa i brann
I den solklåre kveld:/:
Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette fjell!:/:

3

Ja, eg kjenner den stad
Der eg stima som gut,
Der eg kaua og kvad
Så det svara frå nut,
Der eg leika og log
I den lauvkledde skog
Mellom blomar og blad:/:
Å, eg minnest, å, eg minnest, å. eg minnest så vel denne stad!:/:

4

Og når vinden var spak,
Fér om fjorden eg rundt,
Der eg rodde og rak
Som ein fiskande gunt.*
Der eg leikande låg
Og meg vogga på våg
I den nattsol der nord:/:
Å, eg minnest, å, eg ininnest, å, eg minnest så vel denne fjord!:/:

5

Men det dårande hav
Som no drøymer så stilt,
Vert ei glupande grav
Når det reiser seg vilt.
Snart det lokkar og ler,
Snart det over deg slær
Og dreg båten i kav:/:
Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette hav!:/:

6

I min heim var eg sæl
Avdi Gud var attved,
Og eg kjende så vel
Kor det anda Guds fred
Når til kyrkja me fór,
Når me heime heldt kor,**
Og med moder eg bad:/:
Å, eg minnest. å. eg minnest, å, eg minnest så vel denne stad!:/:

7

Denne heim er meg kjæ r
Som den beste på jord.
Han mitt hjarta er nær,
Denne fjetrande fjord,
Og det målande fjell
Og den strålande kveld,
Hugen leikar på deim:/:
Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel denne heim!:/:

8

Og eg lengtar så tidt
Dette landet å sjå,
Og det dreg meg så blidt
Når eg langt er ifrå.
Med den vaknande vår
Vert min saknad så sår
Så mest gråta eg kan:/:
Å, eg minnest, å, eg minnest, å, eg minnest så vel dette land!:/: