CANTIONALE

Gud signe Noregs land

Arne Garborg

1

Gud signe Noregs land,
Kvar heim, kvar dal og strand:/:
Kvar lund og li!:/:
Han lat det aldri døy,
Han verje bygd og øy,
Han verje mann og møy:/:
Til ævleg tid!:/:

2

Me fekk det høgt og fritt,
Me fekk det vent og vidt:/:
Med hav og fjell.:/:
Det står så trygt og godt,
Det står så reint og blått,
Rett som eit gudeslott:/:
Med solskinstjeld,*:/:

3

Det er vår elsk på jord,
Det er vårt beste ord,:/:
Vår trivd og trygd.:/:
Storfrægdarmenn dei var
Som fram til oss det bar,
Det er vår ættargard:/:
Til fridom bygd.:/:

4

Stort arbeid ned er lagt
Til landsens fred og makt:/:
Frå tid til tid.:/:
Det kosta tusen år
I kav frå vår til vår,
I strid så tung og sår:/:
Før me vart fri.:/:

5

Men landet dei har rudt,
Det vil me verja trutt:/:
Til siste stund.:/:
Vår elsk og beste akt,
Vårt liv og all vår makt
Skal vera Noregs vakt:/:
Til siste stund.:/:

6

I kjærleik varm og mild
Me legg vår vilje til,:/:
Då veks det fram.:/:
Då får det bløma blidt,
Då får det spørjast vidt,
Og alltid standa fritt:/:
For naud og skam.:/:

7

Her stig det stort og blått
Vårt fagre heimlands slott:/:
Med tind og tårn.:/:
Og som det ervdest ned
Alt fagrar' led for led
Det byggjast skal i fred:/:
Åt våre born.:/: