I Jesus er eg rein for Gud
1
I Jesus er eg rein for Gud
og der skal eg få leva.
Få sleppa med mi syndebør
og gamle Adam streva.
Det Jesus er, det er eg no,
gjort levande med han
som sigeren min vann
2
I Jesus er min bustad no
og aldri vil eg flytta.
Her eig eg all hans rettferd som
eg aldri bort vil bytta.
Med frimot kan eg lukkeleg
fortelja kor eg bur.
Eg veit på kven eg trur
3
I Jesus har eg arverett
til heile Himmelriket.
Ufatteleg for tanken og
ei gåve utan like.
At eg får vera barn av Gud
er størst av alt det store
som Jesus for meg gjorde
4
I Jesus er den trygge grunn
som held når dagen hallar
og klokkene for siste gong
til evigt liv meg kallar.
Då ser eg ljoset frå eit land
fullkome, godt og trygt
som Herren sjølv har bygt