CANTIONALE

Inga bok er meg så kjær

M. B. Williams, Anders Hovden overs.

1

Inga bok er meg så kjær
Som min moders bibel er
Hennar tårer, hennar merke går'kje ut.
Han er sliten, gammal no,
Men eg minnest vel kor ho
Tok meg varmt på fanget sitt og bad til Gud.

Refreng

Gamle bok, kjære bok,
Du meg minner om det dyre soningsblod!
Meire kjær frå år til år
Blir du meg kvar helst eg går
På den tronge veg som opp til himlen når.

2

Som ein god og stødig stav
Gud i mor si hand den gav
Til eit våpen i dei harde, tunge år.
Han er sliten, tårevåt,
Dogga titt av hennar gråt -
Han har lært meg om min
Frelsars blod og sår.

3

Trøysta frå den gamle bok
Alltid varmt om hjarta tok,
Jaga hjarteverk og sjeleangest bort.
Ja, den heldt i mørkast stund,
Den gjev trøyst i dødsens blund,
Den skal halda når eg står for himlens port.

4

Å, kor vel eg minnest mor,
Ho meg lærde livsens Ord,
Bad meg leva som ein Josef for min
Gud! Mose gror på hennar grav,
Men den bibel ho meg gav,
Er ei lykt for meg når lyset mitt går ut.