CANTIONALE

Å, kome ditt rike

Lina Sandell, Anders Hovden övers.

1

Å, kome ditt rike, ja Herre, vår
Gud, Lat koma på jorda ditt rike!
Send ut dine vitne i nord og i sud med frelsande bod utan like,
Å kalla og innby all verda!

2

I Ordet du lova i villmark ein vår
Då øydemark står lik ei lilje.
Vi lengtar deretter kvart gryande år,
Og er det din nådige vilje,
Snart kome den tid, Herre Jesus!

3

Velsigna dei vitne som gjekk i ditt namn
Og lytte opp Golgata-merket!
Din truskap lat vere ei vernande hamn.
Ja, gjer dei i farane sterke
Og hugsvala du deira hjarte!

4

Ver sjølv deira styrke, med kraft du dei kled,
Og lær dei med manndom å strida
Og så ut i vona den himmelske sæd,
Med tålmod på voksteren bia
Av deg som åleine gir grøde.

5

Og om dei lyt dogga ditt ord med sitt blod, -
Det vert ei useieleg æra, -
Så veks då ditt rike, du Fredsfyrste god,
Og så vil alt meir du oss læra
At nederlag ofte vert siger.

6

Så kastar vi, Frelsar, all suta på deg,
Du lova for allting å syrgja.
Kvar dag gå du med oss på livet sin veg.
Lat midt under striden oss byrja
Deg takka og lova for siger!