CANTIONALE

Døden gjennom verdi gjeng

Elias Blix

1

Døden gjennom verdi gjeng
Og vil rydja liv or lande,
Mannsens barn som blom i eng
Bleiknar for hans kalde ande.
Under denne mørke makt
Er alt liv på jordi lagt.

2

Ja, vårt liv er veikt som høy,
Og som graset all vår søma.
Graset visnar, blomar døy
Og for alle vindar røma,
Mannen døyr, men neste vår
Blomen gull på gravi Strår.

3

Jesus gjennom verdi gjeng,
Han kan døden slå med velde!
Livet han til løysepeng
Gav for oss som bort var selde.
Difor livet på hans ord
Fagert fram or gravi gror.

4

Jesus, når min time slær
Og eg hardt i striden stender,
Statt meg då i nåde nær
Lyft til verja dine hender!
Seg eit ord og døden driv!
Lei meg inn til evig liv!

5

Fylg meg, Frelsar, i den stund
Når eg vandrar her or stova!
Fylg meg til den stille lund
Der eg til din dag skal sova!
På mi grav det merke skriv:
«Eg oppstoda er og liv».

6

Så eg skal i heilag ro
Kvila til den store dagen,
Då di grøda opp skal gro
Herleg i den vigde hagen,
Brydda * sa med dine bom
Som eit livsens sædekoru.