CANTIONALE

Eg kysser dine hender

Sigvald Skavlan 1885, Bernt Støylen övers. 1920

1

Eg kysser dine hender
Med djupe naglegap,
Dei som så herleg vender
Til vinning alt mitt tap,
Dei hender som har skrive
Mitt fridomsbrev med blod,
Og barnerett meg give
Hos Gud, min Fader god.

2

Dei hender som så kjærleg
Har lindra sjukdoms nød,
Og som så rikt og herleg
I øydemark gav brød,
Dei hender som så milde
Velsignar våre små
- Å Frelsar, at du ville
Dei såleis såra få!

3

Når ut mi hand eg rekte
Til den forbodne frukt,
Du dine hender strekte
Og tok for meg mot tukt.
Mi hand med blod var stenka,
I urett og i svik,
Di var til korset lenka,
Ein ransmanns hender lik.

4

Den frelsa Gud meg sender,
Er kjøpt med dine sår.
I båe dine hender
Mitt namn no teikna står.
Sjustjerna bind dei hender,
Dei styrer verdi all.
Frå dei til frelsa renner
Ditt blod i dropefall.

5

I dette kjærleiks under
Mi sjel ser trøystig inn,
I dine djupe vunder
Eg løyner skaden min.
No naglane er bytte
Med kongsstav og med spir,
Då du frå korset flytte
Til trona av safir.