CANTIONALE

Eit ord er ein pil

Hans Jørgen Darre, Bernt Støylen arr.

1

Eit ord er ein pil
Som flyger av stad utan stans eller kvil,
Du kan ikkje veta kor vide det fer.
Det sårar din uven og den du har kjær,
Eit ord er ein gneiste som kveikjer ein brann
Du sløkkja ei kan

2

Ein uvøren munn Sår ugraset tjukt i den gronæme grunn.
Den syndige banning, det ureine snakk
Som giftige kvefsar omkring seg dei stakk.
Dei sette sin brott i det reinaste blod
Så giftmerki stod.

3

I ver og i vind Fer tankelaust ord ifrå tankelaust sinn.
Men Herren i boki har skrive og gøymt
Dei ord som eg minnest og dei eg har gløymt.
Gud tukte mi tunge før det vert for seint,
Så ordet vert reint