Fram mot himlen går eit tog
Jacob Wakefield Mac Gill, Anders Hovden övers., Anna Helena Ölander övers.
Fram mot himlen går eit tog,
Veksande som havsens våg:
Frå dei brende øydemarker
Afrika ber søner fram,
Jesu kjærleik del har vunne.
Berga dei frå synd og skam.
Fram mot himlen går elt tog,
Veksande som havsens våg:
Frå dei vide strok og stader
Kina no til korset når,
Israel i Kristi kjærleik
Fulltrygt vern og kvile får.
Fram mot himlen går eit tog,
Veksande som havsens våg.
Frå dei fjerne Austerlanda
Folkeskarar som ei flod Til
Guds kjærleikshav. det djupe.
Dei vart frelst i Jesu blod.
Fram mot himlen går eit tog,
Veksande som havsens våg:
Langt frå Russlands øyde stepper,
Frå Sibir, det vide land,
Trøytte sjeler no seg kviler
Trygt i Jesu kjærleiks hand.
Fram mot himlen går eit tog,
Veksande som havsens våg:
Folk frå midnattsmørkets vidder
Og frå fjerne, islagd pol
Byter hjartans lange netter
Med hans kjærleiks varme sol.
Fram mot himlen går eit tog,
Veksande som havsens våg:
Alle. alle skal dei møtast
Og framfor Guds trona stå.
For eit møte! For ein jubel!
For ein salig lovsong då!