Herre, å løyn ikkje åsynet for meg
Lina Sandell, Anders Hovden övers.
1
Herre, å løyn ikkje åsynet for meg,
Trøyste meg atter, velsigne meg, høyr meg!
Å du min dyre, min trufaste
Frelsarmann, Kjem du ikkje snart?
Kjem du ikkje snart?
2
Eg er ein gjest og ein framand i verda,
Stundar mot himlen, men farleg er ferda.
Å du min dyre osv.
3
Stundande her frå den framande sveimen,
Skodar eg opp mot den himmelske heimen.
Å du min dyre osv.
4
Medan du dryger, ver hos meg her nede,
Lindra mi smerte og helga mi glede!
Å du min dyre osv.
5
Hald meg urikkeleg fast ved det eme
At eg må elska deg, Frelsar, åleine!
Å du min dyre osv.
6
Styrk du mi tru og meg kle i din bunad,
Gje meg til sist så den himmelske kruna!
Å du min dyre osv.