Høyr, Guds englar kved
Charles Wesley, Trygve Bjerkrheim övers.
1
Høyr, Guds englar kved i kor:
Ære vere Kon- gen stor!
Fred på jord og miskunn mild
Gud kvar syndar gjeva vil.
Kvart eit folkeslag, vert med,
Sigerskvad med englar kved!
Syng det ut til verda mødd:
Oss ein Frel- sar no er fødd!
Høyr, Guds englar kved i kor:
Ære vere Kongen stor!
2
Høgste himlar hylla han;
Lys av lys han nemnast kan,
Midt i tidi kom til jord,
Føddest av ei fattig mor.
Kledd i kjøt me Gud no ser;
Jesus Krist, velsigna ver,
At du denne drakta vel,
Jesus vår Immanuel. Høyr,
Guds englar kved i kor:
Ære vere Kongen stor!