CANTIONALE

Jesus, styr min vesle båt

Olai Aalen

1

Jesus, styr min vesle båt,
Storm det er og tunge brot,
Styr du med ditt allmaktsord
Når det knakar i kvart bord,
Styr du gjennom skavl og straum
Når det knest i kvar ein saum!

2

Vesle båten er så skral
I den djupe båredal,
Endå mindre er han trygg
På ein skumkvit byljerygg.
Bryt det over bord og stamn,
Jesus, lat meg augna hamn!

3

Er eg fegen, trygg og kåt,
Jesus, styr min vesle båt!
Er eg sol og stilla unnt,
Kanskje då han helst går rundt.
Korleis enn min lagnad er,
Hjelp meg du, så båten ber!

4

Jesus, styr min vesle båt
Til han eingong legg attåt
Ved den sæle himmelstrand,
Der eg frelst kan gå i land
Og deg seia lov og takk
Evig for at fram eg rakk!