Lovsyng vår Herre, den mektige kongen med ære!
Joachim Neander 1679, Bernt Støylen övers. 1918
Lovsyng vår Herre,
den mektige kongen med ære!
Herren å prise
vår høgaste hugnad skal vere!
Lovsongar kved,
Sitar og harpe, kling med!
Syng for Gud Herren, den kjære!
Lovsyng vår Herre
som styrer med velde i nåde,
Ber deg på venger
som ørnen i sorger og våde!
Han lét deg få
Meir enn du sjølv kan forstå.
Herren med miskunn deg råde!
Lovsyng vår Herre
som allting så vel for deg lagar!
Han gjev deg helse
og held i si hand dine dagar,
Han som i sorg
Gøymer deg trygt i si borg,
Fienden bort frå deg jagar!
Lovsyng vår Herre
som livet og lukka vår leier,
Vernande venger
frå himmelen over oss breier,
Signar vårt år,
Sender oss fredsame kår,
Kronar vårt arbeid med heider!
Lovsyng vår Herre,
mi sjel og alt i meg mun vere!
Alt det som lever,
skal love hans store namns ære!
Han er ditt ljos,
Gjev honom heider og ros!
Amen, han sjølv deg det lære!