CANTIONALE

Still no dine strenger

Elias Blix

1

Still no dine strenger,
Ande, lyft no venger,
Stig med song i sky!
Alle som kan mæla,
Syng i dag om sæla
Rundt i bygd og by!
Mann og møy Om land og øy.
Kristenfolk frå alle leier,
Syng til Jesu heider!

2

Sjå, Guds Son med siger
Opp til himmels stiger
Til sin kongestol!
Engleskaren helsar
Himmelfaren Frelsar
Som all skapnings sol.
Jesu gjerd Og himmelferd
Lovar dei i kvite klede
Sælt med sigers kvede.

3

Heil deg i ditt velde,
Drott som døden felde,
Ormen slo i hel!
Vonde ånder gråta,
Alle himlar låta
Høgt av lovsong sæl.
Lov og ros For liv og Ijos
Fylgje deg på himmelferdi
Frå den frelste verdi!

4

No er freden vunnen,
Himmelvegen funnen Ved vår
Frelsarmann. Gjennom førehenget
Inn har Kristus gjenge.
Han vår løysing vann.
Høg og sterk Med velgjort verk
Sit han over sol og stjerna,
Der han vil oss verna.

5

Så eg glad og trugen
Heim vil venda hugen,
Der du, Frelsar, er.
Må ei stund eg bia
Og av lengting lida,
Heim då vegen ber.
Glad og nøgd Til himmelhøgd
Opp eg stunda vil og stara,*
Til eg heim får fara.

6

Far då sæl og fegen
Opp i førevegen!
Snart eg fylgja skal.
Du meg opp vil draga
Og eit rom meg laga,
I din himmelsal.
Så eg dreg Den same veg,
Til din heim du vil meg lysa,
I di hall meg hysa!