Synd og sorg er syskenord
1
Synd og sorg er syskenord,
Fylgjast jamnan her på jord.
Syndi har frå Gud oss skilt,
Difor lid vårt hjarta ilt;
Hjarta som til Gud er skapt,
Syrgjer når det
Gud har tapt
2
Så er hjarta sjukt og sårt
Til me ser den sanning klårt:
Synd til all vår sott er rot,
Men i Krist er helsebot;
Og med syndesorg og tru
Me frå synd til
Gud kan snu.
3
Hjarta så i Jesus Krist
Finn den freden som var mist,
Fred som overgår alt vet,
Gjev vårt liv en annan let;
Fred som stiller all vår trong,
Løyser sorgi opp i song.
4
Vel eg enn ein syndar er,
Difor står òg sorgi nær;
Harm og hugnad skiftast åt,
Gleda blandast tidt med gråt;
Men igjennom skyer grå Kan eg
Jesu åsyn sjå.